På reisa går det unna. Vi føler vi flyg gjennom Bolivia. Og
sjølv om vi har hatt ein dag med sykling sit bussturen frå
Uyuni godt i oss enda. Derfor velger vi å fly til
Rurrenabaque istadenfor å ta den 22timars lange bussturen.
Flyet tar berre ein halv time og det er deileg å komme ned
på havnivå att.. Vi har lyst å reise innomver i Amazonas og
her er flust av plassar å velge. Men miljøbevisste som vi er
går vi frå byrå til byrå for å finne ut om dei matar dyra.
Det samme gjer New Zealandske Lisa og Tama. Vi bestem oss
for å finne eit selskap saman og landar på Dolphin tour.
(Tama heiter forresten Keir til fornavn, men bruker berre
Tama. Men sia det liknar sånn på Geir så tenkte vi at dette
MÅ jo berre bli bra! Og det blei det.) På turen dukker også
opp Colombianske Lorrena som også har tatt Death road og er
ein ekte overlevar.. Ho er blå frå topp til tå og har
bandasje på begge hender etter at ho slo seg på turen. =)
Dagen før avreise går med til å kjøpe kvite skjorter, fordi
det blir vi fortalt myggen ikkje likar. Lisa og Asso spring
rundt og leiter og samanliknar forskjellige hauger med
skjorter som tilfeldigvis er på salg i markedet.. Vi
invisterer også i lommelykt og ein ekstra sterk myggspray.
Så bestemmer vi oss for å ete eit ordentleg måltid mat før
vi skal inn i jungelen.. Asso bestiller eit stykke lasagne,
men får ein HEIL... Og Geir bestiller Pique Macho, ein
boliviansk rett som ikkje består av kylling.. (Men fortsatt
pommes frites..)
Neste morgon møter vi opp alle fem og blir køyrt av
jungelguiden vår Oscar til ei elv. Der går ferda vidare over
i ein kano. Så putrer vi oppover elva. Oscar peiker og
forklarer. Vi ser ekornaper, forskjellige hegrer, kaimenn,
aligatorer, Hoatzin (punkerhønsa), skilpadder, brøleaper og
"Jesusfugler" (dei har det kallenavnet fordi dei kan gå på
vatnet). Etter nokre timar oppover elva ser vi eit par
hytter som står på stylter. Der skal vi bu dei neste par
dagane. Heilt stille og fredfylt.. Plutseleg begynner Oscar
å rope: "Pepé! Peeeeeepé!" Vi ser rundt oss. Prøver å sjå
kva han roper til. "Pepé! Peeeeeepé!" Og der; i elva rett
foran oss ser vi plutselege bevegelser. Ein kjempestor svart
kaimann kjem mot oss. Oscar ler når han ser våre fem
måpande ansikt. Oscar forklarer at dette er Pepés territorie
og han kjem når han høyrer stemma til Oscar (som nok stemmer
for vi prøvde å rope vi og og det hjalp kun når Oscar
ropte). Jo lenger vi er i dette stolpeverket som no er vår
heim, jo fleire kaimann ser vi rundt oss.
Dei ligg å solar seg overalt.
Av og til ser du kun to små auger
som kikker opp. Dei neste dagane
går med til å slappe av i hengekøya,
lytte på apane som hopper på taket,
kanoe på fotojakt på forskjellige dyr
og ikkje minst leite etter anaconda.
Asso kan innrømme som den første
at ho leiter IKKJE spesielt bra.. =)