Etter å ha såtte i bil i tre dagar og bussa tilbake til La
Paz er vi klare for litt action. Vi hiv oss rundt og er med
ei gruppe for å sykle ned Death road. Death road hadde for
inntil nyleg, når dei fekk ny veg, ein dødstoll på 300 liv i
året (på sitt verste). No er det komme ny veg, så
biltrafikken er flytta dertil og kun ein og anna lokalbil
og då sjølvsagt syklistar tar turen ned denne vegen. Her
sykler ein gjennom fossefall og elver, ned bratte skråninger
på sand og grus, kanskje kjem det ei høne springande over
vegen, med 100meter skrenter rett ned på eine sida og
passasjer så smale dei kan knapt nok romme ein liten bil.
Dei hundrevis av korsa som du finn langs vegen er minne om
alle som er falne. Vegen er ganske svingete og mangen av
dødsulykkene har vår bilar som kjem rundt ein knapp sving og
ser speglinga av vegen lenger framme og så køyrer dei rett
fram og utfor stupet istaden for den bratte svingen.
Dagen vi skal sykle er sjølvsagt nye vegen stengt fordi det
er nokre svinger og bruer som visst nok ikkje er trygge. Det
vil sei at akkurat når vi skal sykle ned er det og mykje
trafikk og med hjerte i halsen suser vi nedover vegen. Vi
starter på El Cumbre på 4700moh. Første timen er på asfalt.
Det går rett ned, men du får fin følelse av sykkelen og det
er MEGAGØY å råkøyre nedover. Så, etter ein kort pause
startar vi på sjølve dødsvegen. Etter nokre timar ned her er
fingrane tilslutt utslitt av å prøve å bremse. Rett før
siste biten tar vi ein pause (mest fordi guiden vår skal
stoppe for å kjøpe lokal honning..) Der står det to gutter
som har fanga ein slange dei er villig til å låne ut for 10
bolivianos.. Ca 10 kroner.. Litt usikre på kor gode
slangetemmara desse to er avslår vi, men kjøper heller nokre
mandariner av bestemora ved sidan av.
Vel nede på 1200moh, står Javier (guiden) klar med kald øl
til å roe ned adrenalinet. Ølet har aldri smakt betre!! Eit
par dagar seinare møter vi to andre som også har tatt samme
turen men ikkje vore like heldige. Eine med handa i fatle og
Lorrena som vi reiser på tur med har blåveis over HEILE
låret etter eit stygt fall. MEn livet i behold og då er vel
alt bra..
Vegen heim er den VERKELEGE death road. Sjåførane i Bolivia
legg all si lit til hell og lite til si eiga køyring.
Forbikøyringar rett foran svingar er heilt normalt. Og dei
køyrer forbi både på den eine og den andre sida av vegen..
Gjerne fulle.. Heldigvis er vår sjåfør av den sorten som
ikkje drikk før han skal køyre opp ein smal svingete veg så
vi kjem oss heilskinna fram.