Los Angeles

Rett over dammen frå Cook ligg jammen oss det forjette land. Eller; byen med det rare i. Vi ankjem Los Angeles ein kald vårdag i mai og etter å ha instalert oss på Saharan Motor hotel går vi ut og gjer noko av det kjekkaste med å reise; nemleg sjå-på-folk.. Og L.A har mykje å by på der.. Men utanom å støte på Jack Sparrow i pølsekø, Marlyn Monroe på cafe og Jokeren på gata så er jo LA som så mange andre storbyer her borte. Vi stikk på Mels diner og inntar eit ekte amerikansk herremåltid med shake og burgers og fries.. Så stikk vi ein tur innom Santa Monica beach og ser at det står litt dårleg til med sykkelpolitiet.. Vi ser og vår første Kolibri på vegen, men den er så liten at vi fekk ikkje noko bilde av den.
Vi kan jo ikkje være i LA utanom å gå over alle stjernene og hadde vi vore her eit par dagar til hadde vi sett Sofia Vergara legge ned stjerna si..
Siste dagen gjer vi noko så originalt som å dra på Universal Studios og så er det rett til La Paz via La Vegas (der American Airline gløymer bagasjen vår) og Miami (kor vi blir låst inne på eit iskaldt rom i avvente av vårt 4 timer forsinka fly). Men vi er superklare for to måneder med latinske rytmer og spansk.. Olé..